NY START - Sosialisme etter nyliberalismens herjingar / 4. oktober 2023
Arbeidernes Historielag inviterer, m/ Kjartan Fløgstad

Kjartan Fløgstad NY START – Sosialisme etter nyliberalismens herjingar.
Folkets Hus onsdag 4. oktober kl 19.00
KVA VAR GRUNNLAGET for mobilisering av veljarar til partia på venstresida i arbeidarrørsla «sine glansdagar»? KORLEIS OG KVIFOR har det skjedd endringar i dette grunnlaget, og finnest det EIT HÅP FOR EIN NY START for venstresida etter at nyliberalismen har vore den dominerande ideologien i Norge og den vestlege verda dei siste 30-40-åra?
Første møte i ein serie på 3, der ein ønskjer å setja søkelyset på ideologiske spørsmål og skiljelinjer. Me ønskjer å undersøkja om dette kan leia fram til eit tydeleg felles ideologisk grunnlag for venstresida som kan mobilisera fleire veljarar i åra framover. I møteserien vil derfor publikum- altså veljarane - bli inviterte til å delta med spørsmål og kommentarar.
Ordstyrer Jan Ole Rød
Medlemmer Arbeidernes Historielag i Rogaland: Gratis. Andre kr 50,-
FB arrangement: Kjartan Fløgstad - NY START – Sosialisme etter nyliberalismens herjingar | Facebook
Vel møtt!