Finnest det ei framtid for venstresida / 13. november 2023
Arbeidernes Historielag inviterer, m/ Ingrid Fiskaa, Mimir Kristjansson og Torstein Tvedt Solberg

NY START – Finnest det ei framtid for venstresida
Folkets Hus mandag 13. november kl 19.30
Stortingspolitikarar frå venstresida i Rogaland, Ingrid Fiskaa(SV), Mimir Kristjansson(RV) og Torstein Tvedt Solberg(AP), møtest til debatt om framtida for venstresida. Med utgangspunkt i resultatet av kommunevalet, reiser me spørsmålet om korleis veljarane kan vinnast tilbake til venstresida.
Dei grunnleggjande politiske og ideologiske spørsmåla som har blitt reist i tidlegare møte med Kjartan Fløgstad, Hallvard Tjelmeland og Gunnar Roalkvam som innleiarar, blir tatt opp med venstresida sine Stortingspolitikarar.
• Er dei utanrikspolitiske og ideologiske motsetnadene mellom partia på venstresida blitt så små at det er på tide å vurdera eit meir forpliktande politisk samarbeid for å møta «vinden ifrå høgre»?
• Bør partia på venstresida slå seg saman?
Ordstyrar: Tom Hetland
Medlemmer Arbeidernes Historielag i Rogaland: Gratis. Andre kr 50.
FB arrangement: Finnest det ei framtid for venstresida | Facebook
Vel møtt!