Refleksjoner etter et valg / 17. oktober 2023

Arbeidernes Historielag inviterer - Innleiarar: Hallvard Tjelmeland og Gunnar Roalkvam

17. okt, kl. 19:00 — 21:00, Folkets Hus, Løkkeveien 22
Bilde av Hallvard Tjelmeland og Gunnar Roalkvam

Hallvard Tjelmeland er professor i historie ved UiT og har kalla foredraget sitt: «Korleis balansera mangfald og klassemobilisering. Historiske lærdommar». Tjelmeland har i forskinga si jobba med desse problemstillingane. Han kjem opphavleg frå industristaden Jørpeland. 

Gunnar Roalkvam vil supplera Tjelmeland sine analyser med ei innleiing om samvirke-modellen som eit prosjekt for venstresida i framtida. Han reiser spørsmålet om forbrukarrollen i framtida vil vera vel så viktig for folkeleg mobilisering som produsentrollen. 

Medlemmer Arbeidernes Historielag i Rogaland: Gratis. Andre kr 50.

FB arrangement: Refleksjonar etter eit val | Facebook 

Vel møtt!